Brann i Ulrikstunnelen - toga står

Isolasjonsmatter tok fyr 20 meter frå tunnelopninga.

DEL

Toget frå Bergen på veg mot Arna måtte returnere til Bergen då Ulrikstunnelen vart stengt litt før klokka 0700 torsdag.

– Det brenn i isolasjonsmatter 20–30 meter inne i tunnelen, seier operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt til BA.

Brannen vart meldt til politiet klokka 0645. Tre kvarter seinare vart den meldt sløkt av Bergen brannvesen.

Ifølge Bane Nor skal brannen ha oppstått i ein køyreleidning.

– Den oppstod i ein køyreleidning, men me veit ikkje meir om årsaka, seier pressevakt i Bane Nor, Randi Folke-Olsen.

Det er ikkje meldt om personskade eller røykskadar. Politi og brannvesen rykte ut til tunnelbrannen.

– Det er opne flammar i isolasjonsmaterialet i taket, rundt 50 meter inne i tunnelen på Arna-sida. No har me gjort strekninga Trengereid til Brann stasjon straumlaus, samtidig som me har jordet på begge sider av tunnelen, forklarte vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen mens brannen heldt på.

Ifølge Drotningsvik var det ikkje snakk om eit stort område som brann.

Sløkkingsarbeid er no avslutta. Det er uvisst kor lang tid det tar før tunnelen kan opnast for vanleg togtrafikk igjen.

– Det er for tidleg å sei kor lang tid dette vil ta, men det vil ta tid å få reparert skaden. Me samarbeider med naudetatane på staden, seier Folke-Olsen.

All togtrafikk mellom Bergen og Trengereid står inntil vidare.

– Me jobbar med å skaffe alternativ transport for passasjerane og forseinkingar må påreknas, seier pressesjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby til BA.

Artikkeltags