Bil har sklidd av vegen og velta på Radøy. – Ekstremt glatt

DEL

Klokka 11.47 melde 110-sentralen om eit trafikkuhell på Vetåsvegen i Radøy kommune.

– Singelulykke, personbil utfor veg, skriv 110 Hordaland på sin Twitterkonto.

– Ei kvinne har sklidd av vegen, seier Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

– Ekstremt glatt

Klokka 11.57 melde politiet frå om at dei var på veg. Like etter kom dei fram til staden.

– Ein kvinneleg sjøfør har kome seg ut av bilen, og skal etter forholda ha det bra, opplyser operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Tatjana Knappen.

Bilen skal ha sklidd av vegen, og deretter velta og hamna på sida.

Ho åtvarar mot glatte vegar og ber folk om å køyre forsiktig.

– Det er ekstremt glatt. Politiet ber om få strødd i området, seier operasjonsleiaren.



Artikkeltags