Mann (48) frå Nordhordland funne død

Mannen hadde tilknyting til ein båt ved Bradbenken.

DEL

Laurdag føremiddag vart ein død mann funne i sjøen ved Bradbenken i Bergen.

Avdøde var ein mann (48) frå Nordhordland, som hadde tilknyting til ein båt som låg like ved.

– Ikkje noko straffbart

Politiet arbeider med å få klarlagt kva som har skjedd. Hittil har ingen vitne meldt seg.

– Det er ikkje noko som tyder på at det er skjedd noko straffbart i forbindelse med dødsfallet, seier politioverbetjent Jannike Bremar Johannessen ved avsnitt for etterforsking av voldsovertredelser i Vest politidistrikt.

Obduserast

Avdøde vil verte obdusert for å få konstatert dødsårsaka.

– Vi har avhøyrt dei som var der då mannen vart funnen. Dersom nokon har opplysningar å kome med, så ber vi dei ta kontakt med politiet, opplyser politiadvokat Kristine Knutsen-Berge, som er jurist på saka.

Mannens pårørande er varsla.

Artikkeltags