Moped har krasja på Byrknesøy

DEL

Naudetatane rykker tysdag ettermiddag ut til Mjåsundbrua på Byrknesøy etter melding om ein moped som har køyrd av vegen.

Det melder operasjonssentralen til Vest politidistrikt på Twitter.

Politet skriv at det truleg berre er mopeden som er involvert.

Operasjonsleiar Steinar Hauksvik opplyser til Firda klokka 21.50 at det vert oppretta sak på forholdet.

– Mopedføraren er frakta til sjukehus med ambulanse. Vi kjenner ikkje skadeomfanget eller detaljane rundt ulykka, seier han.

Artikkeltags