Tre personar i bilulykke på Austrheim

DEL

Klokke 1523 fekk politiet melding om ei trafikkulykke ved Snekkevika på Austrheim

– Ein bil har køyrd i grøfta og har rulla rundt, skriv politiet på Twitter.

Det skal vere tre personar i bilen. Ein av dei skal ha smerter i rygg, og blir køyrd til sjukehus.

Alle naudetatane skal vere framme, og bilbergar skal vere på veg. Politiet opplyser om at det er manuell dirigering på staden.

Artikkeltags