Ministeren på infomøte om U-864 på Fedje

Vidare framdrift for å sikre ubåtvraket mot kvikksølv-forureining, og miljøtilstanden i fisk og skaldyr ved vraket, er to aktuelle tema på informasjonsmøtet i fleirbrukshallen onsdag.

Vidare framdrift for å sikre ubåtvraket mot kvikksølv-forureining, og miljøtilstanden i fisk og skaldyr ved vraket, er to aktuelle tema på informasjonsmøtet i fleirbrukshallen onsdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen blir med på informasjonsmøtet om U-864 som Kystverket har lagt til Fedje onsdag 27. juni.

DEL

Vidare framdrift for å sikre ubåtvraket mot kvikksølv-forureining, og miljøtilstanden i fisk og skaldyr ved vraket, er to aktuelle tema på informasjonsmøtet i fleirbrukshallen.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet overleverte Kystverket i 2014 forprosjekteringa av to alternative miljøtiltak for å sikre miljøet mot kvikksølvforurensinga frå vraket av ubåten U-864. På bakgrunn av dei geotekniske tilrådingane frå denne forprosjekteringa vart det løyvd midlar for å etablere ei støttefylling for å sikre den rasutsette skråninga under baugseksjonen på vraket.

Dette var det første nødvendige steget, uavhengig av val av miljøtiltak. Utlegginga av støttefyllinga vart ferdig i 2016 og har vore geoteknisk overvaka og vurdert sidan. Den geotekniske vurderinga våren 2018 konkluderte med at støttefyllinga no har sett seg og stabilisert skråninga, konstaterer Kystverket.

Det vert også ei orientering om Kystverket si utgreiing og tilråding av miljøtiltak, og planar for framdrift og gjennomføring av miljøtiltak. Det vert også orientert om erfaringar og overvaking av støttefyllinga som vart etablert 2016.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen innleiar på informasjonsmøtet. Kystverket og fagekspertar frå Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen, DNV GL og NIVA vil vere tilgjengelege for spørsmål frå publikum.

Artikkeltags