Vêret skaper bekymring for hevinga av KNM Helge Ingstad

Av

Dønningar i Hjeltefjorden og eit vêrsenter frå vest gjer hevingsoperasjonen av fregatten KNM Helge Ingstad meir komplisert enn Forsvaret hadde håpt.

DEL

Hevinga av fregatten starta i 2-tida natt til tysdag, og rundt klokka 8 kunne store delar av dekket til fartøyet sjåast over vassflata. Ytterlegare seks timar seinare låg KNM Helge Ingstad stabil og rett i vatnet, medan dykkarar jobba under overflata.

– Vi har ikkje komme til med kamera over alt, men inntrykket er at skroget ser heilt og pent ut. Hevinga har gått roleg for seg, sjølv om pulsen gjekk litt opp akkurat då vi tok båten laus frå botnen, forklarer Forsvarsmateriells vaktleiar på brua på kranlekteren «Gulliver», kommandørkaptein Trond Inge Bogstrand, til VG.

Bergingsaksjonen har så langt gått heilt etter planen, men no fryktar Forsvaret at dønningar i Hjeltefjorden og eit vêrsenter frå vest kan skape trøbbel vidare for operasjonen. Dei to kranlekterane «Gulliver» og «Rambiz», som hevar fregatten, må nemleg liggje heilt i ro ved sida av kvarandre slik at dei fire kranene på lekterane kan løfte synkront.

Vêrmeldingar antydar framleis dønningar på onsdag, noko som skaper uvisse. Det er òg stor bekymring for eit vêrsenter som flyttar seg frå Island mot Nordland og Trøndelag. Dette vêret kan føre med seg ein del svell i Hjeltefjorden, som igjen kan påverke hevingsoperasjonen, skriv Forsvaret på nettsidene sine.

Heile operasjonen er venta å ta fem til seks døgn. Rundt 300 personar er involverte. Dei blir fordelte på to skift.

Kappa vaierar

Etter den første fasen av hevinga tysdag, vart skipet liggande delvis på sida, og måtte rettast opp før operasjonen med å feste løftekjettingar kunne fortsetje. Resten av tysdagen vil det meste av arbeidet bli gjort av dykkarar, ifølgje Forsvaret.

Tysdag morgon kunne dykkarar gå ned og lage spor til dei fire siste av til saman 16 løftekjettingane. Det har ikkje vore mogleg å få dei siste på plass før skipet var klar av botnen, seier Elisabeth Sandberg i Forsvarsmateriell.

Det er kjempekranene på kranlekterane Gulliver og Rambiz som løftar fregatten samtidig med til saman fire kraner. Desse må løfte synkront, og kranlekterane må derfor ligge heilt i ro ved sida av kvarandre.

– Det er framleis eit risikabelt arbeid på grunn av kompleksiteten i hevinga, seier bergingsleiar Anders Penna i BUA til NTB.

Ligg på skjema

Penna anslo i utgangspunktet at synlege forandringar på posisjonen til fregatten ville komme rundt onsdag. Etter planen skal fartøyet vere klart til å sikrast på den nedsenkbare lekteren Boa Barge 33 først torsdag eller fredag. Skipet skal tømmast for vatn ved passiv drenering, noko som tar veldig lang tid, for ikkje å overbelaste løftearrangementet.

– Vi ligg omtrent på skjema tidsmessig. Båten vart teken laus frå botnen no i dag tidleg, og deretter har vi brukt noko tid på å få bort festevaierar slik at dei ikkje forstyrrar, seier kommandørkaptein Bogstrand til VG.

Etter å ha vorte tømt for farleg utstyr, mellom anna ammunisjon, kan fregatten fraktast til Haakonsvern på lekteren. Først då blir det klart om fartøyet skal reparerast eller blir skrota.

Dyr berging

Fregatten kolliderte med tankskipet Sola TS tidleg om morgonen 8. november ved Stureterminalen i Hordaland. Åtte personar vart lettare skadde.

Han vart påført ei stor flenge i skroget og fylt med vatn. Fartøyet mista styringa, men fekk hjelp av slepebåtar til å komme inn mot land. Fregatten har sidan vorte liggande delvis under vatn.

Berginga har vorte anslått til å koste over ein halv milliard kroner, og prisen aukar sidan arbeidet har vorte forseinka. Etter det TV 2 erfarer, stig kostnaden med minst 3 millionar kroner per dag med utsetjing.

Det er framleis ei viss spenning knytt til vêr- og vindforhold på staden, men avgjerda om å starte hevinga av fregatten vart teken på grunnlag av prognosar som tilseier stabile og trygge forhold i fleire dagar framover. Det er venta nye vêrprognosar tysdag ettermiddag.

Artikkeltags