Bil hamna på sida – førar mistenkt for ruskøyring

DEL

Klokka 01.40 natt til 18. mai hamna ein bil på sida etter eit trafikkuhell ved Bruvoll i Lindås.

Naudetatane rykka ut til staden.

Politiet melder på Twitter at det var ein bilførar og ein hund i bilen.

Politiet melde først at føraren framstod som uskadd.

I ein oppdatering melder politiet at føraren er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

– Førar fraktast i ambulanse til Haukeland sjukehus, heiter det vidare.

Artikkeltags