Bil utfor vegen på Hopeflaten

DEL

Ein bil har køyrd utfor vegen på Hopeflaten i Lindås. Det melder politiet på Twitter.

Naudetatane er på veg til staden.

I følge 110-sentralen skal det berre vera ein bil involvert.

– Vi fekk melding om ulykka 17.48 via AMK-sentralen i Bergen, fortel vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland.

– Ein bil har køyrd av vegen, og airbagane er utløyst.

Naudetatane er no framme på staden. Det er berre ein bil involvert i ulykka, og bilføraren skal ha vore aleine i bilen.

– Bilføraren vert tilsett av helse på staden, seier Lund.

Føraren skal ikkje ha vore fastklemd.

Ulykka skjedde på Fv 57, like før bensinstasjonen på Hope.

Føraren er frakta til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse.

Artikkeltags