Bil kolliderte med lyktestolpe på Radøy

DEL

SISTE: Bilføraren, ein mann i midten av 60-åra, er køyrd til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent.

Politiet har tatt beslag i førarkortet hans, og det vert oppretta sak.

BKK er på staden og jobbar, bilen er fjerna.

Ifølge politiet skal det ha vore totalt tre bilar involvert i ulykka, og berre førar i kvar bil.

Politiet melde først at det var ein bil med tre personar i, men har no retta dette til at det var tre bilar involvert, med ein person i kvar bil.

Det er berre eit av køyretøya som har køyrd ut av vegen og blitt påført materielle skader. Så langt er det uvisst rundt personskadar på førar av denne bilen. Kva som har forårsaka ulykka er førebels ukjend, melder politiet på Twitter.

Ulykka skal ha skjedd på Fv565 Slettevegen, i krysset til Radøyvegen.

Brannvesen og ambulanse er framme på staden, og ein person vert teken hand om av helsepersonell.

Annan trafikk kan passere på staden, bilbergar er varsla og på veg.

Det vil etter kvart bli manuell dirigering på staden.

Artikkeltags