Front mot front i Meland

To bilar har kollidert front mot front like etter Utsikten i retning Holmeknappen i Meland.

To bilar har kollidert front mot front like etter Utsikten i retning Holmeknappen i Meland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Trafikkulykke på Fv 564 Rosslandsvegen.

DEL

Politiførstebetjent Sindre Erstad ved Nordhordland lensmannskontor seier total fire bilar var involvert i ulykka.

– Ein bil har komme over i feil køyrefelt. I all hovudsak er det to bilar som har frontkollidert, dei to andre involverte bilane er meir sekundære, seier Erstad.

Den kvinnelege bilføraren i den eine bilen vart køyrd til sjukehus med brotskader.

– Eit barn og ei kvinne i den andre bilen vart sendt til sjekk på lokal legevakt, opplyser Erstad.

Han stadfestar at det var glatt på staden då ulykka skjedde.

OPPDATERT: Klokka 11.00 seier politiet at dei ikkje er heilt ferdig på staden endå.

– Bilberging er på staden, det er også litt oljesøl som må takast hand om. Vi reknar med å opna vegen for fri ferdsle ganske snart, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

OPPDATERT: – Totalt tre personar er involvert i ulykka, seier Samsonsen.

Han fortel at to bilar har kollidert front mot front like etter Utsikten i retning Holmeknappen.

Like etterpå kom ein annan bil og kolliderte inn i dei to bilane som alt hadde frontkollidert.

– Den eine personen har brotskader, og er frakta til Haukeland universitetssjukehus. Dei to andre vert sjekka av ambulansepersonell på staden, der har vi ikkje fått noko tilbakemelding om skadeomfang, seier Samsonsen til avisa Nordhordland.

Dei tre bilane vert taua vekk frå staden.

Politiet opplyser at personen i den siste bilen skal ha komme frå ulykka uten fysiske skader.

– Det er glatt på staden, og vegen er sperra, seier han.

Klokka 9.40 melder politiet om ei front mot front-ulykke på Rosslandsvegen i Meland.

Naudetatane er på staden.

Politiet melder at to kjøretøy er involvert.

– Ein person har skader i arm og bein, to personer sjekkes av ambulanse. Glatt på staden, melder politiet på twitter.

Det var glatt på staden då ulykka skjedde.

Det var glatt på staden då ulykka skjedde. Foto:

Artikkeltags