Buss køyrde delvis av vegen på Radøy

Foto:

DEL

Oppdatering: Bussen er no fjerna og det er ope for fri ferdsel.

11.28: Politiet melder om at dette var ein rutebuss på veg til Knarvik. Den la seg ut mot vegskuldra grunna motgåande trafikk, og havna derfor delvis utfor køyrebana. Det er bestilt ny buss til passasjerane.

Like før klokka elleve torsdag kom det melding frå politiet om ein singelulykke, der ein buss har delvis køyrd av vegen på Radøy.

Først kom det melding frå 110-sentralen om at bussen hadde velta, men dette retta politiet opp i, ved å forklare at bussen «berre» hadde køyrd delvis av vegen.

Det skal ha vore elleve personar på bussen, inkludert sjåfør. Alle har kome seg ut.

Ulykka skal jamfør Vegtrafikksentralen ha skjedd i nærleiken av kyrkja på Manger, på Fv 565.

– Bussjåføren har klart å evakuere alle passasjerane, og foreløpig er det inga melding om skadde, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Politiet er no på staden, og melder om at ingen skal vere skadd.

Det er no manuell dirigering på fylkesvegen, og bilbergar er bestilt.

Saka blir oppdatert.

Foto:

Foto:

Artikkeltags