Bil ligg på taket etter trafikkulykke

DEL

Ein bil har hamna på taket etter ei trafikkulykke på Sævråsvegen i Lindås.

Det melder 110-sentralen i Hordaland på Twitter.

Ingen skal vera fastklemde etter ulykka, naudetatane er på veg til staden.

– Vi tok imot melding 09.28 om at ein bil hadde gått rundt og hamna på taket, seier vaktkommandør Jan Ove Haga ved 110-sentralen i Hordaland.

Brannvesenet er på staden. Bilen ligg på taket nede i ein bekk eller elv.

– Personen som var i bilen har komme seg ut, og gått inn i ein barnehage i nærleiken. Ambulanse har køyrd dit for å sjekka vedkommande, seier Haga.

Brannvesenet sikrar bilen på staden.

– Vi vurderer om det er nødvendig med tiltak i høve elva, med tanke på mellom anna oljesøl, seier Haga.

Bilføraren vart frakta til legevakt for sjekk.

– Politiet oppretter sak på forholdet, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Også i Gulen gjekk ein bil rundt i dag.

– Ein bil har rygga utfor ein kant og kvelva. Dette var rett og slett eit hendeleg uhell, og ingen skader, seier Vangberg.

Artikkeltags