Ein person omkom etter ulykke mellom personbil og motorsykkel

Føraren av motorsykkelen vart erklært død på staden etter ulykka ved Norevik på E39.

DEL

(Firda): Alle naudetatar, inkludert luftambulanse, rykte ut til Norevik då politiet fekk melding om ei trafikkulykke mellom personbil og motorsykkel på E39, ved Norevik mellom Lavik og Vadheim.

Meldinga kom klokka 1953 onsdag kveld.

Forsøk på førstehjelp

Det er 80-sone på staden der ulykka skjedde, mellom Noreviktunnelen og Bogstunnelen. Det skal ha vore ein front mot frontkollisjon mellom bil og motorsykkel.

Litt over klokka halv fire natt til torsdag har politiet fått varsla pårørande. Dei stadfestar no at éin person omkom i ulykka: Det vart gjort forsøk på førstehjelp, men føraren av motorsykkelen vart erklært død på staden.

Totalt var tre personar involvert i ulykka.

– Dei to som sat i bilen er ikkje fysisk skadde, seier Stein Rune Halleraker ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt torsdag morgon.

Politiet veit førebels ikkje meir om årsaka til ulykka.

– Det er gjort kriminaltekniske undersøkingar, men desse er ikkje ferdig analysert. Undersøkingane vil gå inn som ein del i den vidare etterforskinga, seier Halleraker.

Kriminalteknikarane er ferdige på ulykkesstaden og begge køyretøya er frakta bort for vidare undersøkingar.

Vegen er opna

Vegen var tidvis stengd onsdag kveld, for at politiet skulle få gjennomført krimtekniske undersøkingar. Dei forventa då at vegen ville vere delvis stengd utover natta.

Torsdag morgon melder Vegvesenet at vegen er rydda og open for fri ferdsel.

Artikkeltags