Bil byrja å brenne på E39 nær Sande

GAULAR: Førar kom seg ut.

DEL

FIRDA: Kl. 08.13 fekk Vest politidistrikt melding om brann i bil på E39 ved Alvera ikkje så langt frå Sande sentrum.

Føraren som var åleine i bilen kom seg ut.

– Bilen står midt i vegen og er i full fyr. Brannvesenet er på veg ifrå Sande. Trafikken har stoppa opp naturlegvis. Det er ikkje personskadar og fare for spreiing, opplyste Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, klokka 08.15.

– Brannvesenet er på staden og er begynt å få kontroll, opplyser Jan Gunnar Holvik hos Alarmsentralen litt før 08.30.

Bilbergar er bestilt.

Litt før klokka ni var sløkkingsarbeidet over og vegen rydda. Klokka 09.00 var vegen open for fri ferdsel.

Artikkeltags