Skule slår alarm om steinkasting i trafikken

Onsdag kastet barn stein på bil som kom kjørende på Rosslandsvegen, frå skulevegen som går opp til Sagstad skule.

Onsdag kastet barn stein på bil som kom kjørende på Rosslandsvegen, frå skulevegen som går opp til Sagstad skule. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bil skal ha fått frontruta knust og hamna i motsett køyrebane.

DEL

BA: Sagstad skule på Frekhaug i Meland kommune vart onsdag varsla om barn som kasta stein på bilar.

Ein bil skal ha blitt treft rett i fronten.

– Sjåføren som sat i bilen skvatt til då steinen trefte bilen, fortel skulens rektor Magne Lædre.

Film frå bilen

Steinkastinga skjedde frå gangvegen langs Rosslandsvegen, i området der den kryssar ovar ganbrua nokre hundre meter frå skulen.

Bilen hadde dashbord-kamera.

– Skulen har fått tilsendt eit stillbilde frå filmen. Vi hadde håpa å kunne kjenne igjen personane, men kvaliteten på opptaket er dessverre for dårleg.

Opptaket er gjort ut gjennom ei bilrute, i regnvêr.

– Det einaste vi kan sjå tydeleg er at det står to barn der, seier Lædre til BA.

Unngjekk samanstøyt

Sjåføren har fortalt skulen at frontruta vart knust, og at han kom over i motsett køyrebane.

– Han heldt på å køyre inn i fronten på ein møtande bil. Heldigvis klarte han å unngå det, seier rektoren.

Skulen opplyser om hendinga si heimeside. Foreldre og føresette er også varsla om steinkastinga via tekstmelding.

– Håpet er at dei tar ein prat med barna sine, og fortel om kor farleg dette kan vera, seier han.

Skulen har nærmare 460 elevar.

Kan få alvorlege konsekvensar

Så langt er ikkje politiet varsla om hendinga.

– Så vidt eg kan sjå har vi ikkje fått melding om dette, seier Ivar Holmaas, politioverbetjent ved Nordhordland lensmannskontor.

Han meiner det umiddelbart må bli slutt på slike påfunn.

– Å kaste stein på bilar er ein veldig farleg ting å gjere, og kan føre til alvorleg skade, seier han.

Så langt har det ikkje lukkast skuleleiinga å finne ut kven som sto bak steinkastinga.

Dersom nokre har informasjon om saka, vert dei oppfordra til å kontakte politiet på telefon 02800.

Artikkeltags