Vert meld for å ha køyrd med for stor hengar

DEL

Det har vore ein roleg helg for politiet i Nordhordland.

I 21-tida søndag kveld hadde patruljen promille- og dokumentkontroll i Fossekrysset ved Krossnessundbrua.

– Fire køyretøy vart kontrollerte, ein mann i 30-åra vert meld for å ha køyrd med bil og hengar som var tyngre enn han hadde førarkort for, seier poltitioverbetjent Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

Rundt midnatt natt til laurdag, hadde politiet tilsvarande trafikkontroll i Isdal.

– Det vart kontrollert eit 30-tals bilar, og det vart ingen reaksjonar, seier Våge.

Artikkeltags