Fleire fjellovergangar stengt

Dette bildet er tatt ved Leiro bom på Hardangervidda tirsdag formiddag.

Dette bildet er tatt ved Leiro bom på Hardangervidda tirsdag formiddag. Foto:

Uvêret herjar første nyttårsdag.

DEL

BA: For dei som skal mellom øst og vest, skaper kraftig vind store utfordringar.

Tysdag formiddag klokka 1200 er det berre opna over Filefjell. Over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring.

– Over Hemsedalsfjellet er det fare for stenging på kort varsel, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

På Filefjell er det snø- og isdekke, og somme stader redusert sikt. Store køyretøy bør bruke kjetting. Klokka 0535 var det -1 grad, liten kuling og kraftig snø.

Her er det stengt

Fylkesveg 50 Aurland og Hol er stengt på grunn av uvêr.

Riksveg 7 Hardangervidda er stengt.

E134 Haukelifjell er stengt.

Riksveg 13 Vikafjellet er stengt.

Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin stengt på grunn av uvêret.

Redusert kapasitet

Også ferjesambandet Arsvågen-Mortavika på E39 mellom Bergen og Stavanger er stengt på grunn av uvêr. Ein ny vurdering vil bli tatt klokka 1600.

Ferjestrekningen Sandvikvåg-Halhjem går med redusert kapasitet på grunn av sterk vind. Sambandet trafikkerast berre av to ferjer.

Det begynte å blåse kraftig opp allereie på nyttårsaftan.

– Det er mykje vind, fokk og rett og slett veldig dårleg vêr i fjellet, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Ove Amundsen, til BA måndag kveld klokka 2230.

Det blåser ein del i hele fylket, men på vegane i låglandet går trafikken som normalt. Over Sotrabrua er det kraftig vind.

Artikkeltags