Bilulykke på Frekhaug

DEL

Det skal ha vore ein påkøyrsel bakfrå på Mjåtveitflaten på Frekhaug, skriv politiet på Twitter klokka 16.19. To bilar og to personar er involverte.

Politi og ambulanse er på staden.

Ein av dei involverte har smerter i ein arm og får tilsyn av ambulansepersonell, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

På Twitter melder politiet klokka 16.51 at personen blir tatt med til Bergen legevakt, grunna mogleg brot i armen.

– Patruljen har fått bilane ut av vegen, og gjennomfører avhøyr på staden, seier han til Avisa Nordhordland.

Trafikken skal gå som normalt.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags