Gå til sidens hovedinnhold

Tre mista førarkortet i Romarheimsdalen

Artikkelen er over 2 år gammel

UP gjennomførte ein trafikkontroll i Romarheimsdalen i Lindås kommune fredag ettermiddag frå klokka 15.00.

– Sju førarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrd for fort, medan tre personar køyrde så fort at dei mista lappen, seier Kjell Idar Vangberg til Avisa Nordhordland.

Tre menn

Alle dei tre som vart fråteke sertifikatet er menn.

– Høgaste fart vart målt til 128 km/t i 80-sona, seier Vangberg.

Dei to andre køyrde i 121 km/t og 118 km/t i 80-sona.

Les også

Vart stoppa med 1,2 tonn overlast

Kommentarer til denne saken