Snø og slaps fører til vanskelege køyretilhøve

Det er alt meldt om ei ulykke som kan knyttast til det sleipe føret.

DEL

I Meland køyrde ein bil av vegen og inn i ein stolpe.

– Ulykka skjedde på Rosslandsvegen ved avkjøringa til Dalemarka. Føraren av bilen, ein 20 år gammal mann, er uskadd. Han seier det var glatt i området, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet til BA.

Lensmann Kjell Idar Vangberg seier onsdag ettermiddag til Avisa Nordhordland at bilføraren får eit førelegg for aktlaus køyring.

– Føraren er ilagt eit førelegg på 5000 kroner, som han har vedteke, fortel han.

BKK er sendt til området for å fikse stolpen.

Operasjonsleiaren åtvarer mot køyretilhøva.

– Det er glatt dei fleste stader. Det begynte å snø i natt, oppsummerer Koltveit.

– Var ikkje brøyta

Lesarar som har tatt kontakt med oss fortel om dårleg brøyting i morgontimane.

– Idag tidleg køyrte eg frå Leknes kl.05.40 og til Hordvikneset der eg var kl.06.00. Det var ikkje brøyta nokon plass på vegen, fortel Dagfinn Hvidsten.

– Det låg mykje snø i vegen, eg måtte køyra i sporet til bilane som hadde køyrt der frå før. Meget dårlig, meiner han.

Vaktoperatør Katrina Kvåle ved Vegtrafikksentralen seier at snøfallet byr på problem.

– Det kjem mykje snø og det er store skilnader lokalt. Vi har alle entreprenørane ute. Dei jobbar på spreng. Men når det kjem så mykje på ein gong, får vi ikkje unna alt.

– Det er komme inn meldingar om vanskelege køyretilhøve i Åsane, på Mongstad, Sandsli, Steinsvik, ramsar ho opp før ho seier:

– Det er så mange stader. Alle må vera obs og køyre etter tilhøva.

Artikkeltags