Høggravid kvinne involvert i kollisjon

Ein bil køyrde inn i ein mur søndag ettermiddag

DEL

– To bilar var involvert i eit trafikkuhell, der den eine skal ha køyrt i ein mur, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen i Vest politidistrikt til BA.

Uhellet skal ha skjedd i låg fart, ved avkøyringa til Holmemarka på fylkesvegveg 564 i Meland.

I tillegg til førarane var det eit barn i den eine bilen.

– En ambulanse kom for å sjå til personane, ettersom den eine føraren var høggravid, seier Mikkelsen til BA.

Det var materielle skadar på bilane, men ikkje personskadar.

Politiet har oppretta sak.

Artikkeltags