Bil køyrde i fjellsida

DEL

Seint mandag kveld køyrde ein bil utfor vegen i Sauvågen på Ostereidet. Bilen traff så ei fjellside. Årsaka til uhellet skal ha vore at ein hjort kom ut i vegbana.

Føraren var bevisst og oppegåande då politiet kom på staden, men det skal ha vore materielle skader på bilen.

Uhellet hende rundt 23.40 melder politiet på Twitter.

Artikkeltags