Påsketrafikken: No er det kø på Trengereid

Ved rundkøyringa på Trengereid er det no saktegåande kø både frå Kvamskogen og Vaksdal.

Ved rundkøyringa på Trengereid er det no saktegåande kø både frå Kvamskogen og Vaksdal. Foto:

Statens vegvesen forventar tett trafikk både søndag og mandag.

DEL

(BA:) – Det vil nok truleg tetta seg til mellom klokka 1330 og 1500, seier Kjetil Larsen, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Trengereid-krysset vil som vanleg vera flaskehalsen, fortel han.

Like før klokka 1400 melder Vegtrafikksentralen at det er kø ved rundkøyringa på Trengereid.

– Køen står frem til den andre enden av tunnelen. Den kan veksa godt utover dagen, seier Larsen.

«Hold din plass i køen»

Larsen fortel at det er fine køyretilhøve stort sett alle stader, men han har fortsatt ei oppfordring til dei som skal ut på vegane i dag.

– Hold din plass i køen, og køyr pent. Unngå for all del stygge forbikøyringar, seier Larsen.

– Det er betre å komme ti minutt seinare, enn å aldri komme fram i det hele tatt, legg han til.

Trafikkoperatøren fortel at dei forventar ei jamn fordeling mellom dei to utfartsdagane.

– Dette er berre synsing frå mi side, men det er litt ruskevêr akkurat no. Så kanskje vil ein del fleire folk venda nasen heimover i dag, seier Larsen.

– Men trafikk blir det begge dagane. Vi får sjå kva som skjer.

Artikkeltags