Lastebil med motorhavari i Jernfjelltunnelen på E39

Politi og brannvesen er på staden. Trafikken kan passere i det andre køyrefeltet med manuell dirigering.

DEL

Litt over klokka 21 laurdag kveld melde Vest politidistrikt om at Jernfjelltunnelen på E39 på grensa mellom Masfjorden og Gulen var sperra i eit køyrefelt.

Politiet skal ha fått meldinga klokka 20.52.

Årsaka var ein lastebil som hadde fått motorstans i tunnelen. Ifølge politiet var det også lekkasje frå lastebilen.

Ifølge Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen var tunnelen først stengt. Situasjonen var derimot ikkje meir alvorleg enn at trafikken kunne passere i det andre køyrefeltet med manuell dirigering.

Både politi og brannvesen er på staden og bilbergar er rekvirert, melder politiet.

Tunnelen går gjennom Jernfjellet mellom Kringla i Gulen kommune og Hopsdalen i Masfjorden kommune, og er ifølge Wikipedia 2391 meter lang.

Artikkeltags