Advarer om glatte vegar i Nordhordland

DEL

Vegtrafikksentralen fekk laurdag ettermiddag rundt 100 telefonar om glatte vegar i Hordaland, opplyser Bergens Tidende.

– Då solen gjekk ned, fraus det til is på fuktige vegar. Brått blei det veldig glatt. Det er også litt bygevær, som gjør det endå vanskelegare. Vi har fått telefonar om glatte vegar i Nordhordland, Askøy, Sotra, Osterøy, Etne og Ølen, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen til avisa.

Artikkeltags