Vegen har vore stengt i fem dagar - no er den delvis opna

Onsdag 31. juli gjekk det ras over Fv 569 i Modalen.

Onsdag 31. juli gjekk det ras over Fv 569 i Modalen. Foto:

Arbeidet med gjenoppbygging av vegen her vil pågå i nokre veker.

DEL

Onsdag førre veke herja det plutselege uvêret over heile Vestlandet. Nordhordland vart også råka av dei store nedbørsmengdene, som i Modalen var årsaka bak eit større jordras som gjekk over Fv 569.

Sidan den gong har Vegvesenet fleire gonger vore på staden for å vurdere opning av vegen mellom Mostraumtunnelen og Klubbentunnelen mellom Dalseid og Romarheim, og måndag avgjorde dei at vegen skal vere delvis open.

Dette vil seie at ein kan kome seg forbi området visse tider av døgnet, og Vegvesenet melder følgande:

«Stengt på grunn av jordras i periodane: Måndag til torsdag frå 08:00 til 16:00 og frå 18:00 til 22:00. Fredag frå 08:00 til 16:00.»

I første omgang skal dette gjelde fram til 16. august. Vegtrafikksentralen melder også om at arbeidet med gjenoppbygging av vegen vil gå føre seg i nokre veker.

Artikkeltags