Jernfjelltunnelen stengt

DEL

12.40: Tunnelen er igjen open for ferdsle.

Kvart over tolv søndag kunne Vegtrafikksentralen melde om at Jernfjelltunnelen på E39 i Masfjorden er stengt. Dette grunna bilberging.

Dette er andre gong på kort tid at ein tunnel i Masfjorden blir stengt grunna bilberging. Masfjordtunnelen vart stengt fredag kveld.

– Vi fekk inn melding om ein bil som stod med varseltrekant i nærleiken av utgangen av tunnelen i retning Oppedal, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Morten Hansen.

– Heldigvis var redningsbilen like i nærleiken, og fekk kjapt hjelpt bilen, legg han til.

Artikkeltags