Fortvilar over vinterstengd snøfri veg

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har valt å vinterstengje ein veg på Høyanger sørside trass i at det ikkje har kome noko snø. Innbyggjarane i området er oppgitte.

DEL

(FIRDA): – Ein ting er om det faktisk hadde vore snø og vind her, men no verkar det som at dei berre stenger for å stengje, seier innbyggjar Gunnstein Førde til NRK.

Det er vegen mellom Bjordal og Matre som er vinterstengd.

Dina Lefdal i fylkeskommunen fortel til rikskringkastaren at vedtaket om å vinterstengje vegen vart teke allereie i 2017. Grunnlaget for avgjersla er økonomiske innsparingar.

Artikkeltags