E39 opna att etter trafikkulykke

DEL

To bilar skal vere involverte i ei trafikkulykke på E39 på Hjelmås i Lindås, melder politiet på Twitter. Dei fekk melding om hendinga 15.15.

Ifølge brannvesenet skal ulykka ha skjedd på Osterfjordvegen mellom Hjelmås og Eikangervåg.

Vegtrafikksentralen melder at vegen er stengd.

Alle personane i bilen skal vere våkne og ha komme seg ut av køyretøya. Helsepersonell tek seg av dei involverte. Ein person vert frakta med ambulanse til lokal legevakt for sjekk. Totalt var fem personar sende til legevakta for sjekk etter hendinga, melder politiet.

Bilane skal ha truffe kvarandre delvis front til front, og skrapa borti kvarandre, melder brannvesenet. Det skal vere nokon materielle skader, og ein av bilane hadde behov for berging.

Kring 16.20 melder politiet at bilbergar har vore på staden og vegen er opna for trafikk att. Politiet opprettar sak på hendinga.

Avisa Nordhordland kjem tilbake med meir.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags