Ferjetrøbbel på fleire samband

MF Storfjord tok over etter gamleferja «Melderskin» måndag denne veka.

MF Storfjord tok over etter gamleferja «Melderskin» måndag denne veka. Foto:

DEL

Ferja MF «Storfjord» som hadde sin første tur over Fensfjorden måndag denne veka, blir innstilt inntil vidare på grunn av uvêret.

Ferja vil gå frå Sløvåg 16.45, men vil etter det vere innstilt grunna sterk vind.

Også på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella er det trøbbel, og det vil ikkje vere anløp til Krakhella grunna uvêret. Sambandet vil truleg ha normal drift frå 05.30 i morgon.

På Fedje-Sævrøy-sambandet er den nyinnsette vikarferja MF «Solskjel» innstilt, og det går skyssbåt i staden.

På Lavik-Oppedal vert avgangane 19.40 frå Oppedal og 20.10 frå Lavik innstilte på grunn av ladeproblem i uvêret.

Artikkeltags