Ap vil ha eit tak på momsfritaket for elbilar

Oslo 20191003. 
Hadia Tajic (A) under trontaledebatten.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Oslo 20191003. Hadia Tajic (A) under trontaledebatten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Av

Det er store forskjellar i kor mykje bilkjøparar må betale i avgifter. No vil Hadia Tajik i Arbeidarpartiet at dei dyraste elbilane skal bli dyrare.

DEL

– Det er nok fordeler for dei pengesterke no, som til saman har fått meir enn åtte milliardar i skattekutt sidan 2013, seier Tajik til Dagens Næringsliv.

Ho meiner det burde vere ei grense for kor dyre bilar staten subsidierer.

Ei oversikt frå Finansdepartementet viser at kjøparar av Tesla X må betale 7.770 kroner i avgifter, mens dei som kjøper ein fossildriven VW Tourareg, må ut med 569.000 kroner i statlege avgifter.

Grense på 600.000

I det alternative budsjettet til Arbeidarpartiet, som blir fram måndag, blir eit tak på momsfritaket foreslått innført. Det skal gjelde for elbilane som kostar meir enn 600.000 kroner, og momsen skal betalast av beløpet over 600.000, skriv avisa.

– Klimaet bryr seg ikkje om du køyrer ein Tesla Model 3, Volkswagen Golf eller ein Jaguar. Tesla 3 og Golf hamnar under grensa, men om du skal ha ein Jaguar, må du legge i litt ekstra, seier Tajik.

Arbeidarpartiet har tidlegare foreslått ei øvre grense for momsfritak, og Høyre sin finanspolitiske talsperson Henrik Asheim avviser forslaget igjen. Han utelukkar ikkje at det kan komme avgifter på elbilar, men står fast på at elbilfordelane skal vare til 2021.

Reagerer

Både Norsk elbilforening og Norges Automobil-Forbund (NAF) reagerer på forslaget.

– Forslaget til Ap vil ramme over 75 prosent av elbilane som hittil er seld i dette segmentet i år. Det er veldig dårleg miljø- og klimapolitikk å auke avgiftene på desse elbilane og gjere dei enda mindre konkurransedyktige, skriv Norsk elbilforening i ein e-post til NTB.

Forbundet viser til at elbilar hittil i år utgjer 44 prosent av nybilsalet. I segmentet større bilar er elektrifiseringsgraden 37 prosent.

NAF meiner Ap med sitt forslag skaper usikkerheit blant folk som lurer på om dei skal kjøpe elbil eller fossilbil.

– Det er altfor tidleg å snakke om å endre avgiftene på elbilar. Dei er framleis ikkje konkurransedyktige, held NAF fram.

(©NTB)


Artikkeltags