Kommunane i Nordhordland får nye nettsider: – Fleire skal bli i stand til å hjelpa seg sjølv

Lindås og Fedje er først ut i Nordhordland med nye nettsider.

Lindås og Fedje er først ut i Nordhordland med nye nettsider. Foto:

Onsdag klokka 14.00 gjekk dei første fire kommunane på lufta med sine nye sider.

DEL

Ni kommunar i regionen har gått saman om å byggje nye nettsider. Dei fire kommunane som er først ut er Fedje, Lindås, Modalen og Vaksdal.

I tillegg er Austrheim, Masfjorden, Meland, Osterøy og Radøy er rett rundt hjørnet med sine sider og vil lansere på slutten av året.

– Dette kjem først og fremst på plass fordi vi ønskjer å yte betre service til dei som bur og driv næring i kommunane våre, seier prosjektleiar for dei nye nettsidene og kommunikasjonsleiar i Lindås kommune, Silje Andvik Hoaas i ei pressemelding.

Utgangspunktet for utviklingsarbeidet har vore behovet til innbyggjarane, og innhaldet på nettsidene skal fungere som brukarrettleiingar.

– Vi veit at dei fleste går på nett for å finne informasjonen dei treng om tenestene våre, og mange ønskjer å hjelpe seg sjølv, seier Andvik Hoaas.

Min side

På dei nye sidene har kommunane gitt meir plass til tenester, som er det dei fleste går til ei kommunal nettside for å finne informasjon om. Språket har også blitt enklare.

– Ei anna nyheit, som kommunane er stolte over å endeleg ha fått på plass, er «Min side». Her kan innbyggjarane logge seg på og finne informasjon som er relevant for dei, fortel ho.

I første omgang kan innbyggjarane finne sine fakturaer og søkje om betalingsutsetjing her.

– På sikt vil vi få på plass fleire tenester, seier Andvik Hoaas som håpar dei nye sidene vil gjere kvardagen enklare for dei som bur og driv næring i kommunane.

Artikkeltags