Veg i Stordalen stengt grunna ras

DEL

Vegtrafikksentralen melder på Twitter at fylkesveg 92 Stordalsstølen mellom Matre og Bjordal er stengt grunna steinras.

Entrepenøren er på staden og geolog er rekvirert, melder dei.

– Me reknar med at geologen er på staden rundt klokka 14, seier Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen, til avisa Nordhordland.

Ho seier at tilbakemeldinga dei har fått er at det er kome ned eit par steinar.

– Men entrepenøren seier dei høyrer mykje buldring frå fjellsida og steinane som kom ned kom frå høgt ppe, så me vil ikkje nærma oss før geologen er på plass, seier ho.

Dei fekk melding om raset klokka 11.50.

– Det er omkøyring via Oppedal, seier ho.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags