Gå til sidens hovedinnhold

Statoil skiftar namn til Equinor

Artikkelen er over 3 år gammel

Styret i Statoil foreslår å endre namn til Equinor. Forslaget skal opp når Statoil har generalforsamling 15. mai.

«Navnet Equinor kombinerer «equi», utgangspunktet for ord som «equal», «equality» og «equilibrium» – likhet, likeverd, likevekt og balanse, og «nor» som signaliserer et selskap som er stolt av sin norske opprinnelse, og ønsker å bruke dette aktivt i sin posisjonering» skriv selskapet i ei pressemelding.

Namneforslaget kjem opp på Statoils generalforsamling 15. mai. Den norske regjeringa vil stemme for endringa, opplyser oljeminister Terje Søviknes (Frp).

– Regjeringa gir si fulle støtte til Statoil-styrets forslag om å skifte namn frå Statoil til Equinor, og vil stemme for forslaget på Statoils generalforsamling. Avgjerda reflekterer at Statoil er i ferd med å utvikle seg til eit breitt energiselskap, i tråd med den globale utviklinga i energisektoren, seier han.

Les også

Svein sa opp fast jobb i Statoil for å selja bubilar

 

Statoils konsernsjef Eldar Sætre kallar det ein historisk dag for konsernet.

– I nesten 50 år har Statoil tent oss vel som eit flott namn. Men når vi ser fram mot dei neste 50 åra, den globale energiomlegginga og korleis vi utviklar oss som eit breitt energiselskap, har det blitt naturleg å endre namnet vårt. Namnet Equinor beskriv vårt opphav, våre verdiar og kva vi vil vere i framtida, seier konsernsjef Eldar Sætre.

Les også

Mongstadbase får norske eigarar

 

Kommentarer til denne saken