Masfjordvegen vart stengd etter ras

DEL

Klokka 06.26 onsdag morgon fekk Vegtrafikksentralen vest melding om ein stor stein på storleik med ein halv bil som hadde rast ut i vegen ved Eikemofoss i Masfjorden.

Raset har gått på fylkesveg 379 Masfjordvegen, som går mellom Hallandsvatnet og Kringla.

Det var mogleg å passera rasstaden, men vegen er no stengd i samband med opprydding.

Klokka 09.40 opplyser Vegtrafikksentralen til Avisa Nordhordland at entreprenør er kome fram for ikkje så lenge sidan.

– Steinen så stor at den må fjernast med maskinar. I tillegg er entreprenøren redd for at det kan rase ut meir der, og det er bestilt geolog, seier trafikkoperatør Katrina Kvåle.

Geolog er på veg til staden for å undersøka før vegen eventuelt opnar opp att.

– Det er uvisst kor lang tid dette vil ta, forhåpentlegvis kan vi få opna opp når steinen er fjerna, seier Kvåle.

Klokka 13.00 er det manuell dirigering på staden medan oppryddingsarbeidet pågår.

Eikemofoss

Artikkeltags