Glatte vegar mange stader i morgontimane

DEL

Vegtrafikksentralen vest åtvarar mot glatte vegar mange stader i morgontimane torsdag.

– Det har vore generelt glatt over alt, fortel trafikkoperatør Nina Heggernes.

Dei har mellom anna fått melding om svært glatt veg ned mot ferjekaien i Knarvik.

– Klokka 07.40 melde entreprenøren at dei har alle bilar i drift, seier ho.

Årsaka til det glatte føret er regn som frys til is på bakken.

Artikkeltags