Nytt løp på Storset

Vertskap: Bente Merethe og Helge Færø opnar løa på toppen for deltakarane. Den er gjort om til selskapslokale for høve.

Vertskap: Bente Merethe og Helge Færø opnar løa på toppen for deltakarane. Den er gjort om til selskapslokale for høve.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Eikanger idrettslag arrangerer motbakkeløpet Storset Opp for første gong.

DEL

Dei ønsker alle som likar å gå tur, anten ein går åleine, i ein familie, eller som motbakkeløpar, velkomne til ein flott tur og eit flott løp søndag 8. oktober!

Storset Opp startar i historiske omgjevnader på damskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 2,9 kilometer til målgang på garden på Storset.

Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden. Vertskapet Bente Merethe og Helge Færø opnar opp løa som er omgjort til flott selskapslokale, og tar i mot oss.

Sterke namn

Ideen om dette løpet har blitt kasta fram fleire gonger, og arrangøren fann ut at no hadde dei folka og ressursane til å arrangere det. Styret i Eikanger IL, samarbeidsgruppa for Osterhallen og friidrettsgruppa med «gamlekarane» har jobba godt for å få dette til.

I tillegg har dei støttespelarar som Bygdalaget og skulemusikken, i tillegg til at mange lokale verksemder er på sponsorlista. Storfamilien Færø har sjølvsagt gjort mykje for at dette løpet – og turen – skal få bein å gå på, – eller springe på.

Artikkelen fortset under bildet.

Utsyn: Frå toppen kan ein mellom anna sjå utover Hindenesfjorden.

Utsyn: Frå toppen kan ein mellom anna sjå utover Hindenesfjorden.

I kvinneklassen er det kjent at det stiller sterke namn: Anita Iversen Lilleskare, Eli Anne Dvergsdal, Sara Rebekka Færø Linde, Christina Ellefsen og kanskje Emma og Anna Hanstveit. Fleire av desse har deltatt i og vunne mange gode motbakkeløp i Noreg og utland.

Færø-duell

På herresida veit me at brørne Jo-Harald og Halfdan-Emil Færø skal kjempa mot kvarandre, og arrangøren reknar med dei har nokre kompisar som vil utfordre dei. Det er likevel viktig at folk ikkje blir skremd vekk av desse proffe namna, dette er lågterskel og skal vere for alle uansett alder eller form.

Påmelding skjer på kaien i Bjørsvik frå kl. 11.00, og familiar kan byrje å gå med ein gong dei er påmelde. Motbakkeløparane startar kl. 12.30.

På Storset blir ein møtt av speaker Audun Stusdal som er kjent for å lage god stemning. Det blir bålpanner og grilling.

Av premiar kan ein mellom anna nemne ein iPad som trekkast på tilfeldig startnummer, medan det vert pengepremiar til dei beste løparane. Det er fleire premiar som skal delast ut, og alle som deltek vil få ei teknisk t-skjorte. Om me går i pluss, vil overskotet gå til Osterhallen, den etterlengta fleirbrukshallen.

Artikkeltags