Linde sprang inn til råsterk rekord

Rekord: Sara Rebekka Færø Linde sette løpsrekord i kvinneklassen og ny personleg rekord på 18.24,5. Alle foto: stanley hauge

Rekord: Sara Rebekka Færø Linde sette løpsrekord i kvinneklassen og ny personleg rekord på 18.24,5. Alle foto: stanley hauge

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Sara Rebekka Linde sette ny løpsrekord i Eikangerløpet - dagen etter ho sprang Stolzekleiven opp!

DEL

Vinnartida til Sara Rebekka var 18.24,5. Dermed slo ho også løpsrekorden til søstera Bertine Helene Færø med 27 sekund. Sterkt gjort etter at ho gjennomførte Stolzekleiven opp dagen før.

Færø-gjengen dominerte, som fleire år tidlegare, 5000m på bana på Ostereidet søndag. Halfdan Emil Færø vann på tida 16.12,8. Han starta roleg første halvdel av løpet, og då låg dei tre Færø-karanen samla. Om lag halvveges rykte Halfdan Emil i frå og vann klart.

Jo-Harald og Magnus-Johan Færø, som tok teten frå start, kjempa om andreplassen. Jo Harald vann duellen etter ein langspurt og kom knappe to sekund føre Magnus-Johan i mål.

Artikkelen fortset under bildet.

Starten: Magnus-Johan Færø (startnr. 26), Jo Harald Færø (nr. 42) og Bjørar Eidsheim (nr. 52) i teten ut frå start.

Starten: Magnus-Johan Færø (startnr. 26), Jo Harald Færø (nr. 42) og Bjørar Eidsheim (nr. 52) i teten ut frå start.

Grethe Jørgensen, også ho med Stolzen i beina frå dagen før, gjorde eit sterkt løp. Med tida 20.04,0 var ho heile eitt minutt og 20 sekund raskare enn for eitt år sidan.

19 løparar stilte til start i år, ei god blanding av veteranar og yngre løparar. Tre av dei var med for første gong. Forholda var bra med tørr bane, overskya, nokre regndropar og litt vind.

Laurdag 21. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Ni løp skal arrangerast det komande halvåret.

Resultatliste under bildet.

Vinnar: Klar siger til Halfdan-Emil Færø med tida 16.12,8.

Vinnar: Klar siger til Halfdan-Emil Færø med tida 16.12,8.

Resultat

Menn:

1. Halfdan-Emil Færø (1991), IL Varegg 16.12,8

2. Jo-Harald Færø (1983), Eikanger IL 16.55,6

3. Magnus-Johan Færø (1995), Eikanger IL 16.57,5

4. Øivind Bernes (1958), Osterøy IL 18.38,3

5. Harald Marthinussen (1982), Eikanger IL 18.43,6

6. Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL 18.53,0

7. Helge Færø (1960), Eikanger IL 19.21,9

8. Arild Austrheim (1956), Austrheim IL 19.56,5

9. Kristoffer Nilsen Apelthun (2003), AKS 77 20.03,3

10. Arvid Hauge (1960), Eikanger IL 21.10,3

11. Egil Opsal (1955), 22.05,9

12. Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL 22.30,9

13. Arve Henningsen (1972) 23.09,3

14. Gunnar Hauge (1955), Eikanger IL 23.29,1

15. Are Flekke (1996), IL Norna Salhus 25.04,0

16. Sverre Solberg (1952), AKS 77 26.19,0

17. Andrew Wakefield (1972), Eikanger IL 26.26,9

Kvinner:

1. Sara Rebekka Færø Linde (1982), Varegg 18.24,5

2. Grethe Jørgensen (1975), AKS 77 20.04,5

Artikkeltags