Bil bekrefta tatt av jordraset – mann i 50-åra sakna

BIL TEKEN AV RASET: Det blir onsdag stadfesta at ein bil vart teken i raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld. Ein mann i 50-åra er sakna, melder politiet.

BIL TEKEN AV RASET: Det blir onsdag stadfesta at ein bil vart teken i raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld. Ein mann i 50-åra er sakna, melder politiet. Foto:

Stor rasfare i området gjer søket vanskeleg.

DEL

FIRDA:Politiet har fått bekreftande opplysningar om at ein bil er tatt av jordskredet som gjekk over fylkesveg 451 ved Årnes/Marteslåttene på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld.

Ein mann i 50-åra er meldt sakna og det er grunn til å tru at han køyrde bilen som blei tatt av skred, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding klokka 13.50.

– Politiet er i kontakt med og følger opp mannens næraste pårørande, skriv politiet.

Framleis stor rasfare

Politioverbetjent Wenche Hope fortel til Firda at det er vitneobservasjonane, samt meldingar frå familien til den sakna, som no har gjort at politiet kunne stadfeste at mannen i 50-åra er sakna.

– Ein brukar alt ein har no, men det som er begrensinga, er faren for at nye skred kan komme. Ein kan ikkje søke nær land, grunna skredfaren, seier Hope.

Politiet har meldt at store jordmassar i vatnet gjer søket vanskeleg, men vêrforhold og lys er betre i dag enn i går.

Rasfaren i området blir framleis vurdert som stor, og ein må difor ta omsyn til tryggleiken til søkemannskap. Det er ikkje forsvarleg å sende ned dykkarar eller småbåtar tett på land så lenge rasfaren vedvarer, melder politiet.

– Dykkarane vil bli kalla inn så snart det er mogleg å bruke dei, seier Hope.

Trur ikkje fleire er tekne av ras

Siste meldingane frå politiet onsdag ettermiddag er at det enno er ti personar som ikkje er gjort greie for.

Hope fortel at dette primært dreiar seg om manglande telekommunikasjon, og at dei ikkje trur at nokon av desse er tekne av skred.

Leitearbeidet vil difor spissast inn mot den sakna mannen i 50-åra.

Hope melder også at geolog frå Statens vegvesen har vurdert at rasstadane langs E39 på nordsida av Jølstravatnet er klare for oppryddingsarbeid.

Geologen har samstundes vurdert at det ikkje er trygt enno på sørsida.

Søker frå lufta

Det blei gjort områdesøk med helikopter og båt tysdag kveld, utan resultat.

– Politiet kunne då ikkje fastslå om nokon blei tatt av skredet. Når politiet endeleg har fått bekrefta at det var ein bil i jordskredet, held søket fram med alle tilgjengelige ressursar, i første omgang frå lufta, skriv politiet i pressemeldinga.

Vitne melde om bil i raset

Meldinga om jordraset kom tysdag kveld klokka 20.50. Då blei det meldt frå ulike vitne om at minst ein bil blei tatt av raset. Det blei også meldt om observasjon av ein person i vatnet.

Seint tysdag kveld vart det søkt med redningshelikopter der raset har gått, men helikopteret måtte returnere til Florø rundt klokka 23, fordi det ikkje lenger var flyvêr.

I samråd med geolog på staden vurderte politiets innsatsleiar faren for ras som så stort at mannskap ikkje blei sendt inn i området på land.

'

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags