No er det tid for å ta denne sjekken igjen

LUS: For å sikre ein lusefri haust ber Folkehelseinstituttet alle skular og barnehagar i landet om å arrangere kampanjar mot lus i veke 35.

LUS: For å sikre ein lusefri haust ber Folkehelseinstituttet alle skular og barnehagar i landet om å arrangere kampanjar mot lus i veke 35. Foto:

Av

Med skulestart følger også ein ny sesong for hovudlus.

DEL

Folkehelseinstituttet gjennomfører i år ei undersøkinga for å sjå korleis lusesituasjonen har utvikla seg.

I neste veke – veke 35 – oppfordrar Folkehelseinstituttet familiar som har ungar i skular og barnehagar til lusesjekk.

Viss mange sjekkar seg samtidig, kan fleire oppdage at dei har hodelus og dermed gjennomføre behandling. Det kan redusere luseplaga og faren for smitte betrakteleg.

Både barn og vaksne kan få hodelus, men det førekjem oftast hos barn. Folkehelseinstituttet understrekar at hodelus ikkje handlar om manglande reinslegheit, for hodelusa overlever også i hår som blir vaska ofte.

Lusesmitte skjer ved at lus kryp frå ein person sitt hår til ein anna sitt når hovuda blir lagt inntil kvarandre.

  • Hovudlus sug blod i hovudbotnen, og bita kan gi kløe. Lusa er berre 2–3 millimeter lange. Føtene har klør som gjer at lusa lett kan gripe tak i hårstrå. Egga blir også festa til hårstrå.
     
  • Kløe i hovudbotnen kan vere eit teikn på hodelus, men det er ikkje alle med lus som opplever kløe eller det kan ta noko tid før kløe oppstår.
     
  • Lusesjekk blir utført med ein lusekam. Legg eit kvitt handkle over skuldrene og greie fuktig hår med ein fintanna kam. Etterpå sjekkar ein både kam og handkleet for lus og egg.
     
  • Når hovudlus blir oppdaga, skal dette bli behandla med lusemiddel. Vanleg hårvask drep ikkje lus eller luseegg.
     

Samtidig med hovudluskampanjen neste veke gjennomfører Folkehelseinstituttet ei spørjeundersøking om hodelus.

– Vi gjennomførte same undersøking i 2008 og ser no fram til å kunne samanlikne og sjå korleis dette har utvikla seg på ti år, seier prosjektleiar for hovudlusundersøkinga, forskar Bjørn Arne Rukke.

Saka held fram under bildet

Oslo  20080910.
Bilde av en voksen hodelus. Mer enn halvparten av alle elleveåringer har hatt hodelus, og høysesongen står igjen for tur. 
Foto: Preben Ottesen / Folkehelseinstituttet / NTB scanpix

Oslo 20080910. Bilde av en voksen hodelus. Mer enn halvparten av alle elleveåringer har hatt hodelus, og høysesongen står igjen for tur. Foto: Preben Ottesen / Folkehelseinstituttet / NTB scanpix Foto:

Alle elevar ved 41 barneskular i Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø blir inviterte til å delta. Dette er dei same skulane som deltok for ti år sidan.

Undersøkinga går ut på at alle personar i husstanden skal bli greidde med lusekam. Eventuelle lus som blir funne skal sendast inn til Folkehelseinstituttet i ein pose.

Målet er at undersøkinga skal gi meir kunnskap som kan bidra til å redusere førekomsten av hodelus i Norge. (ANB-NTB)

Artikkeltags