Mariann er einaste elev på sitt klassetrinn

Normalt: Mariann Elise Kvingedal har vore aleine på sitt klassetrinn sidan 1. klasse, så ho har blitt veldig vant til det no. I forrige veke var ho og Julie Birkeland Haugsdal på utplassering i Avisa Nordhordland og fekk prøve seg som journalist og intervjuobjekt. Foto: Julie Birkeland Haugsdal

Normalt: Mariann Elise Kvingedal har vore aleine på sitt klassetrinn sidan 1. klasse, så ho har blitt veldig vant til det no. I forrige veke var ho og Julie Birkeland Haugsdal på utplassering i Avisa Nordhordland og fekk prøve seg som journalist og intervjuobjekt. Foto: Julie Birkeland Haugsdal

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Mariann Elise Kvingedal går i 8. klasse på Sandnes skule. Sidan ho gjekk i 1. klasse har ho vore einaste elev på sitt klassetrinn. Det er om lag 60 elevar på skulen, og fleire klassetrinn har to og tre elevar.

DEL

– Har du alltid vore åleine?

– Eg har ikkje alltid gått åleine. Det høyrest ut som at eg er skikkeleg einsam no men, då eg gjekk i 1 klasse gjekk eg på ein annan skule i nokre månader, der me var rundt 30 i ein klasse. Så flytta eg, og det gjekk frå 30 elevar til berre meg. Men det var ein liten periode der me var to elevar, men medeleven var her berre i ein liten periode. Så sidan 1. klasse har eg alltid vore berre ein.

– Korleis er det?

– Det er både fordelar og ulemper. Det er ikkje så rart å vere åleine for eg er så vant til det.

– Kva tenkte du då du først kom til skulen?

– Eg hugsar at eg fekk vita av naboen min som jobba på skulen på den tida, at eg berre skulle vere ein i klassen. Og då tenkte eg at det skulle berre vere meg i eit stort klasserom med ein lærar. Så eg fekk litt sjokk då eg kom og eg måtte vera med 2. og 3. klasse, seier Mariann.

Ho går no med 9. og 10. klasse, og dei er til saman 14 elevar på ungdomsskulen.

– Har du fag heilt åleine?

– Eg har eit åleinefag, og det er matte, men det er sikkert fordi eg er så dårleg i matte. Dei andre faga er eg med dei to andre klassane, og alle har 9. klasse pensum.

– Eg har alltid gått med dei eldre eller yngre enn meg, men eg likar best å gå med dei eldre, for då får eg meir utfordringar.

– Kunne du tenkt deg fleire i klassen?

– Eg kunne ikkje tenkt meg ei større klasse no, men det hadde gått fint med ei eller to til. Det einaste er at det kanskje blir litt rart når eg begynner på vidaregåande, for plutseleg er det mange på min alder. Viss eg hadde hatt veldig lyst kunne eg sikkert bytta til dei andre skulane i Masfjorden, men eg trivst med å vere åleine med dei eg er med no, og eg kunne ikkje reist frå vennene mine på Sandnes.

– Har du mange venner på din alder?

– Eg kjenner mange, men dei går på andre skular, så eg har flest venner som er eldre og yngre enn meg.

– Kva er det beste med å vera åleine i klassen?

– At du får oppfølging av lærarane, og får kanskje lært litt meir. Dei veit litt meir om deg på ein måte.

– Er det nokre ulemper?

– Du har liksom ingen på din alder på skulen, det er jo anten eldre eller yngre. Og eg må reise på ting åleine som for eksempel MOT, men det går eigentleg heilt greitt.

– Korleis trur du det blir i 10. klasse?

– I 10. klasse skal eg vera oransje russ åleine, eg veit ikkje korleis det blir heilt, men det går sikkert fint.

– Kva trur du dei andre synest om at du er åleine? Og yngre enn dei?

– Eg trur ikkje dei tenker så mykje over det, men trur dei ikkje synest det er dumt akkurat.

Mariann Elise Kvingedal og Julie Birkeland Haugsdal var to dagar på utplassering hos Avisa Nordhordland i førre veke.

Artikkeltags