Ekspertar meiner mobilforbod på skular bryt med grunnlova

Mange skular opererer med såkalla mobilhotell der telefonen låsast inn ved skulestart og hentast ved skuleslutt. Andre krev at telefonen ligg i skulesekken.

Mange skular opererer med såkalla mobilhotell der telefonen låsast inn ved skulestart og hentast ved skuleslutt. Andre krev at telefonen ligg i skulesekken. Foto:

Av
DEL

Jussekspertar meiner måten mange skular praktiserer forbod mot mobiltelefonar kan vere i strid med både grunnloven og menneskerettane.

I ei undersøking blant 1.000 norske rektorar som NRK har gjennomført, er det avdekka at 80 prosent av skulane har helit eller delvis innført forbod mot mobiltelefonar i skuletida. Mange meiner det blir mindre mobbing og positiv effekt på læringa ved å ha eit slikt forbod. Mange skular opererer med såkalla mobilhotell der telefonen låsast inn ved skulestart og hentast ved skuleslutt. Andre krev at telefonen ligg i skulesekken.

Førsteamanuensis Marius Storvik ved juridisk fakultet på Universitetet i Tromsø reagerer på forboda.

– Skulane kan tilby mobilhotell for oppbevaring av telefonar, men ikkje krevje at elevane skal gi frå seg telefonen, seier Marius Storvik som meiner eit slikt krav er et inngrep i privatlivet, som både vernast av grunnlova og menneskerettane.

Han seier skulane kan forby bruk av mobil i timane og kanskje i friminutta, men at det ikkje finst lovheimel som gjer at skulen kan krevje at telefonane innleverast og leggjast i mobilhotell utan samtykke frå elevane.

Professor i privatrett Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen støtter Storviks utsegn.

– Vi har ein god del eksempel på at skulane trur dei står heilt fritt til å setta akkurat dei reglane som dei synest passar. Det kan skulane ikkje, seier han.

Utdanningsdirektoratet svarer at skuleeigar kan forby bruk av mobiltelefon i skuletida dersom det er fastsett i skulens ordensreglement. Det leggjast vekt på at det kan gjerast av pedagogiske årsaker eller for å skåne skulemiljøet.

Artikkeltags