No blir det ny runde «Vis med avis»

7. klasse på Kløvheim skule i Lindås vann Avisa Nordhordland sin konkurranse i «Vis med avis» i 2018.

7. klasse på Kløvheim skule i Lindås vann Avisa Nordhordland sin konkurranse i «Vis med avis» i 2018. Foto:

Bli med på Vis med Avis for 7. trinn.

DEL

Kvart år arrangerer Mediekompasset undervisningsopplegget «Vis med avis» for nærare 38 000 7. klassingar i Hordaland.

Opplegget er først og fremst retta mot lokalavisene, og tanken er å gjera 7. klassinger glade i lokalavisa si, og vi vil bidra til lokalkunnskap, samfunnsinteresse, interesse for lokale nyheiter og lesetrening.

Nytt i år er at det vert lagt inn to leseveker i staden for ei som tidlegare år. I desse to vekene får elevane tilgang til avisa både på papir og digitalt.

I veka etterpå vert det ein kunnskapstest med omlag 15 spørsmål frå lokalavisa og fem spørsmål frå regionale, nasjonale og internasjonale nyheiter.

Klassane konkurrerer mot andre klassar i Avisa Nordhordland sitt område. Vi kårar ein lokal vinnar, og 1.-premien er på 2000 kroner.

Det er enkelt å delta i Vis med avis.

Elevane les Avisa Nordhordland på papir og på nett i veke 5 og 6, 28. januar til 8. februar.

Skulen mottek e-post med quiz måndag i veka etter.

Vis med avis gir god trening i å lesa ulike samansette tekstar og knyter undervisninga til lokalsamfunnet og det dagsaktuelle.

Påmeldinga må skje innan 22. januar, og på www.mediaiskolen.no finn du meir informasjon, undervisningstips og påmelding.

Artikkeltags