Dette syner skattetala

Nei, det er ikkje naboen sin lønsslipp du får sjå.

DEL

(BA:) I skattelistene får du tre økonomiske opplysningar om personen du søkar på: Inntekt, formue og skatt.

Men det er ikkje lønna til naboen du kan henta ut frå skattelistene. Inntekta som er oppført vil i det aller fleste tilfelle vera lågare enn lønna. Den såkalla skattepliktige inntekta er lønns- og kapitalinntekter fratrukket alle frådrag, som til dømes minstefrådrag, personfrådrag, bustadlånsrenter, BSU-sparing, pensjonssparing eller tap på verdipapir.

Skattebetalarforeininga har laga eit reknestykke som viser at ein person med lønnsinntekt på 700.000 kroner kan vera oppført med berre 375.250 kroner i inntekt i skattelistene, dersom vedkommande har renteutgifter på 70.000 kroner, tap ved sal av aksjar på 60.000 kroner og har kravd 100.000 i frådrag på ein arva bustad. I tillegg kjem minstefrådraget.

Nokre kan ha så store frådrag at inntekta forsvinn heilt. Dagens Næringsliv har til dømes omtalt Himanshu Gulati, som tente 950.000 kroner som stortingsrepresentant for Frp i 2018. Han er likevel oppført med null kroner i inntekt som følge av store frådrag.

Formuen som fremkommer på skattelistene er fratrukket all gjeld. Og ikkje all formue fremkommer i full verdi i skattelistene. Eigen bustad, til dømes, blir berre verdsett til cirka 25 prosent av marknadsverdien. Dette gjeld òg for nyare hytter. For veldig mange betyr det at bustadlånet er høgare enn den skattepliktige bustadverdien. Svært mange svært rike menneske er oppførte med låg eller ingen formue, rett og slett fordi dei òg har høg gjeld.

Viss du synest inntekts- og formuestalet var misvisande, så kan du trøysta deg med dette: Skattetalet er akkurat det personen har betalt i skatt inkludert inntektsskatt, formuesskatt og all annan skatt.

Artikkeltags