Dette bør du vite dersom du skal søke i skattelistene

SØK: Hugs at skattetala ikkje viser reell lønn eller marknadsverdien av formue, men nettoinntekt (alminneleg inntekt) etter frådrag, men før særfrådrag og nettoformue (skattemessig formue), og utlikna skatt.

SØK: Hugs at skattetala ikkje viser reell lønn eller marknadsverdien av formue, men nettoinntekt (alminneleg inntekt) etter frådrag, men før særfrådrag og nettoformue (skattemessig formue), og utlikna skatt. Foto:

Av

Onsdag klokka 07.00 blei skattetala frigjort (skattelistene) for skatteåret 2017. Dermed kan du fritt sjekke kva naboen, kollegaen eller sjefen tener.

DEL

Dei første skattelistesakene på nordhordland.no blei publisert kort tid etter at skattesøket blei opna klokka 07.00 onsdag. Hos Skatteetaten søker du her.

Hugs at skattetala ikkje viser reell lønn eller marknadsverdien av formue, men nettoinntekt (alminneleg inntekt) etter frådrag, men før særfrådrag og nettoformue (skattemessig formue), og utlikna skatt.

Ver merksam på at tala ikkje nødvendigvis er endelege. Til dømes vil tala kunne bli endra blant anna som følge av klage på fastsettinga.

Topplisten for Meland, Radøy, Lindås, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen inntektsåret 2017
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Nye reglar sladrar på deg som snokar

Ei nedside for mange når det gjeld å snoke i skattelistene er dei nye reglane for søk, som Stortinget innførte i 2014. Alle søk blir loggført og du kan sjekke kven som har søkt på deg. Når du har logga deg inn for å søke i skattelistene på skatteetaten.no, vil namnet, fødselsår, postnummer og poststaden din vere synleg for alle dei du har søkt på. Du må vere 16 år for å søke i skattelistene.

Lista over kven som har søkt og sett dine opplysningar blir oppdatert ein gong i timen. Du kan sjå på skattelisteopplysningar for inntil 500 personar per kalendermånad. Det er forskjell på søk og visingar. Når du søker etter ein person, får du opp ei treffliste med personar som passar til søkeopplysningane dine.

Først når du klikkar på ein enkeltperson for å sjå skattelisteopplysningane, blir det talt det som ei vising, skriv skatteetaten.no.

Viss du klikkar på eit namn, men ikkje får opp noko, har du brukt opp dine 500 visingar. Du kan framleis søke, men får ikkje vist skattelisteopplysningane. Den 1. i ny månad blir talet visingar nullstilt. Når du har 50 eller færre visingar igjen, blir det varsla på skjermen.

Som fana under viser, er det fana «Søkestatistikk» som gir dei du har søkt på innsikt i at nettopp du har søkt på dei.

Vi snokar mindre enn før

Skatteetaten har tidlegare meldt om fallande interesse for å snoke i informasjon om andre sin formue og inntekt.

– Talet søk er redusert til ein tiandedel, tal søkarar nær halvert og folk er ikkje lenger like opptatt av å sjekke kven som har sett på deira skattetal, uttalte Mariken Holter, kommunikasjonsdirektør, før publiseringa i 2016.

Frå 2011 bestemte Stortinget at nettavisene ikkje lenger kan tilby skattesøk. Det er likevel framleis lov til å drive journalistikk basert på søk i listene.

Målet er blant anna å unngå kommersiell bruk av opplysningane. Du vil framleis finne skattelister frå tidlegare år i nettaviser o.l., så lenge media ikkje sjølv fjernar opplysningane. Kvaliteten på desse listene vil nødvendigvis bli dårlegare jo eldre desse blir.

Kven står i skattelistene?

Skattelistene inneheld opplysningar om personar og upersonlege skattytarar som har fått skatteoppgjer. «Upersonlege skattytarar» betyr aksjeselskap osv., skriv skatteetaten.no.

Det er ikkje mogleg å reservere seg mot å stå i skattelistene. Dette gjeld både skattelistene som blir lagt ut på skatteetaten.no og skattelistene som distribuert til pressa.

Skattelista for personlege skattytarar inneheld ikkje:

  • opplysningar om personar med sperra adresse (gitt i medhald av lov om folkeregistrering)
  • opplysningar om personar der opplysningane som inngår kan røpe eit klientforhold
  • opplysningar om personar som var 17 år eller yngre ved inntektssårets utgangsopplysningar om personar utan fast bustad
  • opplysningar om avdøde personar

Endring i kommuneopplysningar for skattytarar

Tidlegare stod skattepliktige oppført i éin kommune i skattelistene, mens i år vil det vere fleire kommunar på enkelte personar. Dette fordi ein person kan ha skatta til fleire kommunar i inntektsåret.

Skattelistene vil i år innehalde kva kommunar vedkommande har skatta til, utan at rekkefølga mellom desse kommunane nødvendigvis indikerer det skattemessige forholdet.

Skattelistene ligg på skatteetaten.no i eitt år frå dei blir publisert i forbindelse med skatteoppgjeret. Lista blir vanlegvis oppdatert fire gongar i året.


Artikkeltags