Hordalendingane har betalt nesten 50 milliardar i skatt

Tall frå Skatteetaten

Tall frå Skatteetaten Foto:

Det skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

DEL

– I Hordaland har 399 269 personar betalt 49,7 milliardar i kroner i skatt i 2018, skriv Skatteetaten.

Vidare skriv dei at skatteoppgjeret for heile landet viser at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 514 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue.

3,7 milliardar igjen

– Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av året, skriv Skatteetaten.

Dei opplyser at 304 092 hordalendingar fekk 3,7 milliardar kroner igjen på skatten. Det vil si 12 400 kroner i snitt.

– 72 977 personar måtte betale 2,1 milliardar i restskatt. Det gjer eit snitt på 29 600 i snitt.

Divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal, har eit godt råd for å få skatten riktig.

– Ønskjer du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida, er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet, seier Gjengedal.


Artikkeltags