Båt med ein person om bord var sakna mellom Radøy og Stord

Båten er no funnen.

DEL

SISTE: Hovudredningssentralen melde i tretida i natt om at søket var avslutta, og båten funne. Kva som har skjedd, samt tilstanden til mannen, er foreløpig ukjend.

Ein kvit båt av typen Delphia 30 fot Delfin ved namn OSKAR, skal vere sakna mellom Radøy og Stord. Hovudredningssentralen i Sør-Norge melder at dei ønsker observasjonar og informasjon om fritidsbåten der ein eldre mann skal vere om bord, jamført BA.

– Vi har ikkje fått kontakt med vedkommande. Telefonen er avslått og ikkje mogleg å finne posisjonen til, seier redningsleiar Ben Wikøren til Bergensavisen.

Båten var på veg frå Radøy til Stord, og kasta loss klokka 09.30 fredag morgon.

– Det var venta at turen skulle ta rundt ni timar, men han har ikkje dukka opp. Det har vore veldig fint vêr, så vi håpar han har lagt seg til ein eller annan plass då det vart mørkt. Vi har sendt ut ei etterlysing og sendt ut ei melding over Kystradioen, held Wikøren fram.

Til BA seier han også at HRS ikkje per no har noko leitemannskap ute for å prøve å finne båten.

Artikkeltags