KNM Helge Ingstad sokk ytterlegare under uvêr i jula

Dronebilde av redningsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad». Foto: Forsvaret

Dronebilde av redningsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad». Foto: Forsvaret

Av

Storm på Vestlandet har ført til at fregatten KNM Helge Ingstad har sokke ytterlegare 30 centimeter gjennom jula. Det er enno uklart når hevinga kan byrje

DEL

– Det har ikkje gått an å jobbe med skipet gjennom jula på grunn av det forferdelege vêret, så det er avgrensa kva vi har fått til, seier Torill Herland i Sjøforsvaret til NTB.

Både kranar og andre ressursar er no på plass igjen ved fregatten. Det same er ekspertane som skal handtere hevinga.

– Vi skal no sjå an korleis fartøyet ligg og lage ein detaljplan om vegen vidare, seier Herland, som understrekar at hevingsarbeidet er svært komplisert.

Fregatten kolliderte med tankskipet Sola TS natt til 8. november i fjor, ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland. Arbeidet med å få heva skipa starta i november, men vart utsett til januar mellom anna på grunn av krevjande vêrforhold.

Artikkeltags