Håper på fregattheving frå midten av januar

Dronebilde av redningsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad».

Dronebilde av redningsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad». Foto:

Av

Forsvarsmateriell har håp om at hevinga av KNM «Helge Ingstad» kan byrja i midten av januar.

DEL

Det skuldast at etaten skal vere nær å løyse problemet med at deler av fregatten ligg på havbotnen, skriv Bergens Tidende.

Dei siste vekene har Forsvarsmateriell sett på alternativ for å få løfta det problematiske partiet av fartøyet. Etter det avisa kjenner til, er etaten no svært nær ei løysing. Løysinga skal framleis innebere bruk av løftekjettingar.

Forsvarets oppdateringar om aktivitetane på havaristaden, står det også at ei kranlekter laurdag morgon byrja å trekke dei siste løftekjettingane under skipet.

– Om vi nærmar oss ei løysing og kva den eventuelt blir, kan eg ikkje seia noko om. Hevinga skjer når all detaljplanlegging er på plass og vêret er bra, seier kommunikasjonsrådgivar Vigdis Hvaal i Forsvarsmateriell.

Sjøforsvarssjef Nils Andreas Stensønes sa til NRK fredag at dei håper å starte hevinga i midten av denne månaden.

Pressevakt Elisabeth Eikeland i Forsvarets operative hovudkvarter seier at dei håper å kunne komme med meir informasjon om hevinga over helga.

Artikkeltags